Vitnesbyrd
Gudny kan gå etter 16 år i rullestol!
Et Herrens under skjedde da Gudny Vigrestad ble helbredet sommeren 2005.
Gudny Vigrestad (64) blei lam etter ei
trafikkulukke for 16 år sidan. For to
veker sidan kunne ho gå igjen.
– Det har skjedd eit under. Gud har gjort
meg frisk, og eg er så glad.
Det heile er som eit eventyr, strålar Gudny
Vigrestad på Vigrestad. Ryggmargen i klem
På lette, bare bein kjem ho ut i gangen og
tek imot. Heller ikkje kragen som ho har hatt
rundt halsen i alle år etter trafikkulukka, har
ho bruk for lenger. – Eg klarte ikkje å halda
hovudet oppe, og eg måtte bruka krage
både dag og natt. No treng eg han ikkje
lenger, slår Gudny Vigrestad fast. Ho har
gnagsår på den eine foten. På gangen står
det to nye par med sko. – Dei skoa eg hadde,
var mest til pynt. No treng eg nokre som
er gode å gå på, smiler 64-åringen. Jærbladet
møter henne i den lyse hagestova heime i
Langgata 95. Stova blei bygd av ektemannen
Rasmus etter trafikkulukka for 16 år sidan.
– Eg måtte ha det lyst rundt meg, og eg måtte sjå folk. Her har eg levd livet mitt dei siste 16 åra, fortel firebarnsmora og set seg godt til rette i stolen. Det var i juli 1989 at livet hennar blei snudd på hovudet. Gudny Vigrestad fekk ryggmargen i klem etter etter at ho blei påkjørt bakfrå i Saltebakken langs riksveg 44.
Ho har vore ein kristen heile livet. Både ho og ektemannen er aktive i pinsemenigheten Betel. Kristen samling Det var under Visjon Norge si samling i Hokksund tidlegare i sommar at ho kom opp frå rullestolen. – Me kom til Hokksund seint om kvelden mandagen for litt over to veker sidan. Før me kom til Hokksund, hadde me vore i Sarons Dal og på Maranata-samling i Seljord. Eg var trøytt og sliten då me kom fram. Noko av det første ho la merke til, var den heilt spesielle atmosfæren som var på samlinga i Hokksund. Både ho og ektemannen har sett på Visjon Norge sine fjernsynsprogram i to år, men dei hadde aldri tidlegare vore på samlingane deira.
Gudny og Rasmus Vigrestad fekk spørsmål om dei ville vera med på Visjon Norge sitt fjernsynsprogram saman med predikanten Jo Martin. Dei takka ja til det.
– Var litt redd – I utgangspunktet var eg litt skeptisk. Eg var litt redd for Jo Martin, for eg følte at han kunne sjå tvers gjennom meg. Eg opplevde det også at det var englar til stades i lokalet. Brått kom ein ung, fin gut fram til meg og sa at han ville kjøra rullestolen min fram i lokalet der Jo Martin talte. Der bad dei for meg. Jo Martin snakka med meg, og eg fortalde om korleis eg hadde det. Gudny Vigrestad seier at heile opplevinga var merkeleg. Mellom anna opplevde ho ein fred som ho aldri tidlegare hadde følt. Medan ho var framme, spurde Jo Martin henne om ho ville gå. Gudny svara ja, men sa at ho måtte ha hjelp dersom ho skulle få det til.
– Brått kunne eg sjå at det var Jesus som hjelpte meg. Jo Martin tok først armane rundt hovudet mitt, og han tok av meg kragen som eg hadde gått med i 16 år. Eg kjende ei djup fred, og eg følte at det var noko heilt spesielt. – Fantastisk Etter at kragen var fjerna, fekk ho spørsmål om ho ville opp frå rullestolen. Ho svara at ho gjerne ville setjast fri. – Eg sette foten i bakken, og eg kjende at eg sto. Eg følte at eg var fri, og at eg sto sterkare etter kvart. Dei tok rullestolen frå meg, og eg sa eg at eg ville gå heim om kvelden.
Dagen etter gjekk Gudny og systera frå leirstaden og ned til Hokksund sentrum. Ho kom heim igjen til Vigrestad på fredag. Og ho har vore mykje ute og gått etter at ho kom heim.
– Sundag var eg i lag med dei to yngste barnebarna mine. Det er heilt utruleg at eg no kan gå ute i lag med dei. Ein viktig del av livet mitt, var å gå tur. Det kjennes heilt fantastisk at eg no kan gå igjen.
– Rasmus har alltid vore utruleg gild, og han har bore meg rundt på stader der eg ikkje har kome fram med rullestolen. Men eg tykkjer det er utruleg godt å tenkja på at eg no kan koma meg fram der eg vil utan hjelp av andre, seier Gudny Vigrestad. Ho tek på seg eit par nye sandalar og set kursen mot ei barndomsvenninne. Til fots.
Av journalist, Brit Romsbotn
Publisert 03.08.2005 i Jærbladet.
Hakon Storm (1879-1966) og Ludvig Monsen (1874-1949) Bedre kjent som Strom & Monsen, evangelistene fra Stavanger. Den 11.januar 1915 vender de tilbake til Stavanger etter å ha vært på Varhaug i flere dager med møter hvor de hadde hatt i alt 6 møter, og hvor de selv sier at folk strømmet til for å høre Guds ord. Den 17. januar kl. 3:00 på ettermiddagen har de møte i Stavanger og det sies at 2500 personer møtte opp til dette møtet. På dette møtet ble Monsen som hadde vært blind og lam i 12 år helbredet. Det ble vekkelse der de kom. Folk ble helbredet i store mengder der de var. De klarte å skaffe 6000 abonnenter i Stavanger - til sitt blad i underkant av 2 uker. Tenk hvilken hunger det var etter Guds ord. Når Hellige Ånd får sette folk i brann slik som dette -